Bjørn Buna
norrøn hovding kring år 800. I den islandske Landnåmabok er det nemnt ein rik og mektig herse som heitte Bjørn Buna. Han budde truleg i Måren eller på Kyrkjebø kring år 800, og stamma frå kongsætt i Agder.
Sonesonen hans budde inne i Høyangsfjorden og vart kalla Høyangs-Bjørn. Tre av sønene til Høyangs-Bjørn vart landnåmsmenn på Island. Ein kjend ættling til desse var Aud Djupaudga (djuptenkte), som vart gift med ein irsk konge i Dublin. Aud og hennar ætt samla seg makt og rikdom både på Orknøyane, Færøyane og Island.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 12.12.2007