Hopp til innhold
X
Innhald

Bjørn Hegranes

Bjørn Hegranes - sjølvportrett frå 1959.

Bjørn Hegranes - sjølvportrett frå 1959.

Bjørn Hegranes.

Bjørn Hegranes.

Bjørn Hegranes (1926-2011) frå Florø. Grafikar og målar. Utdanna m.a. på Vestlandske Kunstakademi og har hatt fleire studieopphald i europeiske land. Han debuterte på Vestlandsutstillinga 1947, og har delteke der og på Statens Haustutstilling fleire gonger.

Representert ved fleire kollektivutstillingar kringom i Europa og Canada, m.a. gullmedalje på grafikkbiennalen i Firenze 1970. Representert i Nasjonalgalleriet og i fleire norske og skandinaviske galleri.

Hegrenes har fleire bilete på Fylkessjukehuset i Florø, og er elles innkjøpt av Sogn og Fjordane Kunstnarsenter og Fylkesgalleriet i Sogn og Fjordane.

I 2007 gav Hegranes eigedomen Jotunet ved Storåsen i Florø til Kystmuséet. Gåva omfatta fleire antikke bygningar og ei stor samling måleri og grafikk.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.10.2011