Hopp til innhold
X
Innhald

Bodil Fjellestad Eikrem

Bodil Fjellestad Eikrem fødd 1981 i Fjellbygda på Sandane, kokk.

Etter kokkeutdanning var ho lærling på Lofoten fiskerestaurant i Oslo og arbeidde seks år på Spisekroken i Bergen før ho i 2006 vart kjøkkensjef på Gloppen Hotell (sjå Sivertsens Hotell på Sandane). Der gjekk ho i bresjen for å nytte lokale råvarer, og på tre år dobla hotellet salet av mat.

Ho starta og selskapet Fjordameny i lag med Gloppen Hotell. Dette selskapet produserer matvarer m.a. til lokale Coop-butikkar.

I 2010 vart ho tildelt Ganefartprisen for arbeidet på Gloppen Hotell, som beste matstad langs vegen. Ho vart kåra til Årets Bondelagskokk 2013/2014.

I 2014 gav ho saman med Ove Eide ut boka «Bodils spiskammers» (Selja forlag).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Først publisert: 16.06.2015
Sist oppdatert: 14.01.2016