Hopp til innhold
X
Innhald

Borger Byrkjeland

Borger Anderson Byrkjeland fødd kring 1633. I 1683 leia Borger Byrkjeland eit bondeopprør i Sunnfjord. Han reiste til København for å klage på dei harde skattane, hærtenesta og skyssplikta som bøndene var pålagde. Reisa vart betalt med innsamla midlar frå bøndene.

Etter dette vart Borger i lang tid plaga med skattekrav og andre trugsmål frå futen på Svanøy, som då åtte mykje av jord i Sunnfjord og hadde hundretal leiglendingar.

Borger vart skulda for skattesnusk og for å ha motteke pengar utrettvist, men Borger kunne forsvare seg. Då futen i 1697 på nytt truga bøndene med å jage dei frå gardane dersom dei ikkje betalte skatteskulda, reiste Borger Byrkjeland endå ein gong til København. Der fekk han støtte, for same året fekk alle som bygsla jord under Svanøy-godset i Sunnfjord ein dugeleg reduksjon i skatten.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.12.2010