Hopp til innhold
X
Innhald

Børre Steenslid

Foto: Sogndal Fotball.

Foto: Sogndal Fotball.

Børre Steenslid fødd 1985 i Måløy. Fotballspelar. Har spela på Skavøypoll, frå 2004 i Sogndal Fotball og frå 2007 på Viking i Stavanger, der han i 2009 vart utpeikt til lagkaptein.

I 2011 gjekk han vidare til Molde Fotballklubb, som vart seriemeister i 2012.

Steenslid har spela både på U18-, U19- og på U21-landslaget. Han vart utteken til A-landslaget i 2009.

I 2013 gjorde ein langvarig kneskade at han gav seg som aktiv fotballspelar. I staden gjekk han inn i trenarteamet til Molde FK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.01.2016