Hopp til innhold
X
Innhald

Botolv Hov

Botolv Hov med kona Kjellaug.

Botolv Hov med kona Kjellaug.

Botolv Hov fødd 1922 i Fresvik, busett på Styvi i Nærøyfjorden. Industrigründer og Arbeidarparti-politikar. Var medskipar av Fresvik Bærlag i 1956, og bygde privat fryseri for bær i 1957. Starta Fresvik Produkt AS i 1980 for å produsere element for kjøleromsveggar. Fresvik Produkt utvikla seg til ei suksessverksemd med 50 tilsette og ei omsetning på kring 50 millionar kroner i 2001.

Hov sat i Leikanger kommunestyre i to periodar, ein av dei i formannskapet. Etter at han flytta til Styvi, sat han ein periode i Aurland kommunestyre.

I tillegg har han hatt fleire andre tillitsverv i begge kommunar. I 1993 opna han og ektemaken Kjellaug gardsmuseum og starta gardsturisme på Styvi (Sjå artikkelen Gardsturisme på Styvi under Aurland kommune). Gav i 2006 ut historieboka «Styvi i Nærøyfjorden» (Skald forlag). Tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv.

Botolv Hov på geitostfestivalen i Undredal i 2011. Foto: Anna Karine Marstein.

Botolv Hov på geitostfestivalen i Undredal i 2011. Foto: Anna Karine Marstein.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.08.2011