Hopp til innhold
X
Innhald

Brita Dahle

Hotellvertinne

Brita Dahle (1860–1936) frå Mundal i Fjærland. Biletveverske og hotellvertinne. Ho gjekk i 1889 på biletvevkurs hos Randi Blehr i Lærdal, der Kjerstina Vangsnes frå Fresvik var lærar. Saman med Klaudine Skarestad vert ho rekna som føregangskvinna for den rike vevtradisjonen som voks fram i Fjærland i samband med den aukande turiststraumen til bygda. Begge meistra kunsten med såkalla smettvev.

Hotellvertinne

Saman med ektemannen Olaus Dahle og brørne Mikkel Mundal, Per Mundal og Johannes Mundal bygde ho Hotel Mundal i 1891. Tenestejenter på hotellet vart engasjerte av Brita som veversker om vinteren medan hotellet var stengt. Slik fekk dei heilårs sysselsetjing.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.09.2011