Hopp til innhold
X
Innhald

Brita Hønsi

Brita Hønsi (1872-1944) frå Vik. Biletveverske. Inspirert av Kjerstina Vangsnes byrja Hønsi med biletvev i 1905. Seinare gjekk ho seks veker på Kunstindustriskulen i Oslo. I byrjinga av karrieren selde ho teppa gjennom Mundal hotell i Fjærland.

Hønsi vov kring 20 store biletteppe med både bibelske og andre motiv, og deltok på ei rad utstillingar, der ho fekk mange førstepremiar for arbeida sine.

I Vik kyrkje hang tidlegare eit biletteppe, vove av Hønsi i 1905. Det er no på Kunstindustrimuseet i Oslo og er ein kopi av eit motiv frå eit teppe frå 1653 som hang i Drangedal kyrkje. Til saman vov Brita Hønsi 17 store biletteppe.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.06.2011