Hopp til innhold
X
Innhald

Brita Lund

Dronning Ragnhilds draum - eitt av teppa Brita Lund vov.

Dronning Ragnhilds draum - eitt av teppa Brita Lund vov.

Dronning Ragnhilds draum - eitt av teppa Brita Lund vov.

Brita Lund (1886–1966), fødd i Hornindal. Biletveverske. Det var særleg etter studiar hjå den kjende biletververska K. Sexe Meland i Norheimsund at ho satsa på biletvev. Brita vov både etter eigne kartongar (mønster), og etter kartongar teikna av m.a. Gerhard Munthe og andre nasjonale kunstnarar. Fargane laga ho sjølv av ulike plantar, likeså spann ho ullgarnet.

Brita Lund vov i alt 50 store teppe med motiv frå bibelsoga, Noregs-soga, norrøn mytologi og eventyr. Ho hadde separatutstillingar i Noreg, Sveits og USA.

På Vestlandsveka i Bergen 1932 fekk ho diplom og sølvmedalje. I 1934 vitja kong Haakon VII og dronning Maud ei separatutstilling ho hadde i Oslo, og der kjøpte kongeparet tre teppe. Brita Lund heldt også kurs i biletvev heime på garden i Hornindal. I 1951 flytta ho til Hølen, og budde der til ho vende heim til Hornindal i 1963.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.03.2011