Hopp til innhold
X
Innhald

Alexis de Chateauneuf

Alexis de Chateauneuf [sjatånøf], 1799–1853, var tysk arkitekt.

Chateauneuf leidde ombygginga av Vår Frelsers kirke (i dag Oslo domkirke), som gav henne nygotisk interiør og høgare tårn med spir (1849–50). Dessutan teikna han Trefoldighetskirken i Oslo som sentralbygning med kuppel. Denne vart fullført i 1853–58 av assistenten A.F.W. von Hanno.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.10.2016
Sist oppdatert: 05.10.2016