Hopp til innhold
X
Innhald

Alf Cranner

Alf Cranner, fødd 1936, er visesongar, visediktar og låtskrivar. Cranner gjorde eit banebrytande arbeid for norsk visesong frå 1960-åra og framover. Han har gitt ut visesamlingar og ei rekkje plater.
Cranner har sett melodi til fleire Prøysen-tekstar, og han har samarbeidd med forfattaren Odd Børretzen om fleire humoristisk-satiriske kabaretar. Alf Cranner fekk Spellemannprisen i 1974 og 1977. 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.10.2013
Sist oppdatert: 17.10.2013