Hopp til innhold
X
Innhald

Arthur Compton

Arthur Compton, 1892–1962, var amerikansk fysikar. Han oppdaga i 1923 at røntgenfoton kunne kollidere med elektron og gi frå seg noko av energien sin til elektrona, kalla comptoneffekten. Dette betyr at foton, ved sida av å ha bølgjeeigenskapar, også har partikkeleigenskapar.
 
 Compton fekk i 1927 halvparten av nobelprisen i fysikk for denne oppdaginga.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011