Hopp til innhold
X
Innhald

Auguste Comte

Auguste Comte (1798–1857), fransk filosof som var ein av grunnleggjarane av sosiologien. Han skapte positivismen på 1800-talet. Comte meinte at historia har utvikla seg frå eit teologisk stadium, gjennom eit metafysisk stadium og endeleg til eit vitskapleg eller «det positive stadiet». Han hevda at vitskapane utgjorde eit hierarki. Grunnvitskapen er matematikk, så følgjer astronomi, fysikk, kjemi, biologi og til slutt sosiologi, som har det mest komplekse emnet, nemleg menneskesamfunnet. Comte er òg opphavsmann til ordet altruisme, som er det motsette av egoisme. Filosofien hans har hatt stor innverknad på ettertida.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.12.2012
Sist oppdatert: 29.04.2013