Hopp til innhold
X
Innhald

Augustin Louis Cauchy

Augustin Louis Cauchy, 1789–1857, fransk matematikar, ein av dei som hadde mest å seie på 1800-talet. Han stod for viktige arbeid i algebraiske likningar, differensiallikningar og anvendt matematikk, og skapte teorien for komplekse funksjonar. Cauchy har gitt namn til Cauchys integralkriterium og Cauchys konvergensprinsipp, matematiske setningar knytte til konvergens av rekkjer.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012