Hopp til innhold
X
Innhald

Benvenuto Cellini

Benvenuto Cellini [tsjellini], 1500–71, var italiensk gullsmed og bilethoggar.

Cellini var manierist, og mellom dei kjende arbeida hans finn vi Neptunsaltkaret i Wien (1540–43) og bronseskulpturen Persevs med Medusahovudet i Firenze (1554). Elles gav han ut ein sjølvbiografi og bøker om skulptur og gullsmedkunst.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.09.2016
Sist oppdatert: 28.09.2016