Hopp til innhold
X
Innhald

Birgit Cullberg

Birgit Cullberg, 1908–99, var svensk dansar, koreograf og ballettsjef. Cullberg var koreograf ved Stockholmsoperaen i 1952–57. I 1967 grunnla ho Cullberg-balletten.
Mellom hovudverka hennar finn ein Frøken Julie, Medea, Månrenen og Kvinnan vid havet. Cullberg gjorde òg banebrytande arbeid innanfor fjernsynsballetten, mellom anna med ballettane Den elaka drottningen og Peer Gynt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 15.04.2014