Hopp til innhold
X
Innhald

Carl Paul Caspari

Carl Paul Caspari, 1814–92, norsk-tysk teolog med jødisk opphav som gjekk over til kristendomen i 1838. Han var ein lærd orientalist og gamaltestamentleg teolog.
 
Caspari kom til Noreg i 1847 og vart professor i teologi i 1857. Han stod bak ei rekkje arbeid om historia til den apostoliske truvedkjenninga og la grunnlaget for den moderne symbolforskinga.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.08.2012
Sist oppdatert: 29.08.2012