Hopp til innhold
X
Innhald

Charles Augustin Coulomb

Charles Augustin Coulomb, 1736–1806, var fransk fysikar og ingeniør. Han stilte opp Coulombs lov. Ho seier at krafta mellom to elektrisk ladde partiklar er proporsjonal med produktet av ladningane og omvendt proporsjonal med kvadratet av avstanden mellom dei. Seinare viste Coulomb at tilsvarande lov også gjeld for kraftverknaden mellom to magnetiske polar.
 
Coulomb utforma også friksjonslovene.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011