Hopp til innhold
X
Innhald

David Cameron

David William Donald Cameron, tidlegare statsminister i Storbritannia. Han var leiar for det konservative partiet, toryane, frå 2005 til 2016 og var statsminister frå 2010 til 2016. Han forrekna seg med ein plan for å skape ro i det konservative partiet. Planen, folkerøystinga om EU, førte Storbritannia ut av EU.

David Cameron er fødd 9. oktober 1966 som eit av fire barn i ein velståande familie, med adelege og kongelege forfedrar. Han reknar seg både som walisar, skotte og engelskmann. Han har dessutan tysk-jødiske anar.

Den første regjeringa han leidde, frå 11. mai 2010, var ein koalisjon mellom dei konservative og det liberal-demokratiske partiet. Det var den første koalisjonen i britisk politikk sidan andre verdskrigen. Den liberale leiaren Nick Clegg var visestatsminister i regjeringa. Etter valet 8. mai 2015 danna Cameron ei rein konservativ regjering. Valet i 2015 gav toryane fleirtal for første gong sidan 1992, og regjeringa blei den første konservative regjeringa på ein generasjon.

Camerons periode som statsminister blei prega av to store saker: finanskrisa, som førte til store underskot på betalingsbalansen med utlandet, og Storbritannias tilhøve til EU. Gjennom ein konsekvent innstrammingspolitikk reduserte regjeringa underskotet. Tilhøvet til EU blei avgjort i ei folkerøysting 23. juni 2016.

Regjeringane Cameron gjennomførte elles ei rekkje velferdsreformer, immigrasjonsreformer, skule- og utdaningsreformer og helsereformer. Slik sett førte Cameron ein meir sentrumsorientert politikk enn til dømes Margaret Thatcher, som han elles beundra, utan at han slutta opp om politikken hennar.

Ei folkerøysting i 2014 om skottane framleis skulle vere med i den britiske unionen, gav som resultat at Skottland ville halde fram som ein del av Storbritannia.

Britiske avisframsider etter at resultatet av folkerøystinga om EU låg føre. Foto: threefishsleeping, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Britiske avisframsider etter at resultatet av folkerøystinga om EU låg føre. Foto: threefishsleeping, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Politisk trening

Skulegangen til Cameron var prega av at familien var velståande. Han gjekk på private skular frå første stund. 13 år gamal kom han inn på eliteskulen Eton, der han utmerkte seg som ein dugande elev. Han studerte så filosofi, politikk og økonomi ved Oxford. Også her fekk han toppkarakterar, og rettleiaren hans, den kjende professoren i statsvitskap Vernon Bagdanon omtalte han som den mest talentfulle studenten han hadde hatt. Han hadde fornuftige og moderate konservative synsmåtar, sa professoren, som sjølv var liberal.

Både utdaninga og den etterfølgjande praksisen hans peikte i retning av ein politisk karriere. Han blei tilsett i dei konservative si utgreiingsavdeling i 1988. I 1991 fekk han jobb ved kontoret til statsminister John Major, der han hadde som hovudoppgåve å førebu statsministeren sine svar i spørjetimen i Parlamentet. Under valkampen i 1992 hadde han jobben med å planleggje pressekonferansane til Major. Etter valet blei han rådgivar for finansminister Norman Lamont, og seinare for Michael Howard, som var innanriksminister og partileiar ei kort tid.

På denne tida søkte han om å bli kandidat til ein plass i Parlamentet, og etter nokre år i det private næringslivet, mellom anna som administrerande direktør i eit informasjonsselskap, tok han til å sjå etter ein trygg konservativ valkrins. I 2000, då Tony Blair frå det britiske arbeidarpartiet, Labour, var på toppen av sin popularitet som statsminister, fann han ein slik krins, Witney. I 2001 stilte han til val, og kom inn i Underhuset.

David Cameron saman med Theresa May i 2009. May tok seinare over som partileiar og statsminister etter Cameron. Foto: Andrew Parsons, Conservatives på Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

David Cameron saman med Theresa May i 2009. May tok seinare over som partileiar og statsminister etter Cameron. Foto: Andrew Parsons, Conservatives på Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Oppover i partiet

Deretter gjekk det rett oppover i partiet. I 2004 blei han medlem av skuggekabinettet til det konservative partiet, som då var i opposisjon, først med ansvar for koordinering av toryane sin politikk, seinare som skuggeminister for utdanning. Skuggeministrane er hovudtalspersonar for det partiet som ikkje har regjeringsmakta, og dei har plass på den fremste benkerada i Underhuset, rett mot rada av ministrar. Samstundes blei Cameron vald til nestleiar i partiet. I 2005 stilte han som kandidat til leiarvervet, etter at partiet tapte det tredje valet sidan 1997. Han sigra i avrøystinga i desember 2005 og blei dermed leiar for opposisjonen i Underhuset og partiet sin statsministerkandidat.

Ved valet i 2010 blei dei konservative det største partiet i Underhuset, men fekk ikkje stort nok fleirtal til å danne regjering. Det fekk heller ikkje Labour. Valet gav for første gong sidan andre verdskrigen det som på engelsk heiter eit «hung parliament». Statsminister Gordon Brown fann ut at han ikkje kunne halde fram etter dette, og gjekk av 11. mai. Han rådde dronning Elisabeth til å peike på Cameron som ny statsminister, og saman med liberal-demokratane fekk regjeringa eit relativt trygt fleirtal. Statsminister Cameron blei den yngste statsministeren sidan jarlen av Liverpool 198 år tidlegare.

Regjeringa sat i fire år, og definerte økonomien og terrorfaren frå islamsk ekstremisme som dei største truslane for landet.

Ved valet i 2015 sigra dei konservative og fekk reint fleirtal i Underhuset. Resultatet var overraskande, sidan kommentatorar og meiningsmålingar hadde rekna med at Labour skulle vinne, eller at det igjen skulle bli eit «hung parliament». No kunne Cameron setje saman ei rein konservativ regjering.

Dåverande statsminister David Cameron på besøk i USA i 2011 hos dåverande president i USA, Barack Obama. Foto: Number 10 / The Prime Minister's Office, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Dåverande statsminister David Cameron på besøk i USA i 2011 hos dåverande president i USA, Barack Obama. Foto: Number 10 / The Prime Minister's Office, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Moderat konservativ

Som statsminister var han ein moderat konservativ med sosial-liberale synspunkt. Han støtta retten til homofilt ekteskap og har sagt at det for ein konservativ er viktigare å kjempe for betre tilhøve for folk flest enn for dei rike i finansverda. Han sa òg at han kjempa mot fattigdom og for større sosial og kulturell likskap. Like etter at han kom inn i Parlamentet, gav han uttrykk for sterk tilslutnad til NHS, det nasjonale helsesystemet.

Denne sentrumsprofilen gav han mange fiendar i eige parti, og han blei lenge omtalt som Tony Blairs arving. I utanrikspolitikken støtta han amerikanarane og gav tilslutnad til konseptet om «humanitær intervensjon».

Politikken hans andsynes flyktningar og migrantar var tvitydig. Han arbeidde for best mogleg integrering av innvandrarar i det britiske samfunnet, men sette klare grenser for talet på flyktningar som fekk kome inn i landet. Kritikarane la vekt på at regjeringa hans ikkje greidde å halde desse lovnadane. Han utnemnde den første muslimske statsråden i ei britisk regjering.

I det heile var det gjennom slagord og erklæringar David Cameron tydlegast stod fram som ein «compassionate conservative» («velferdsorientert konservativ»). Men dei konkrete politiske vedtaka hadde eit tydeleg konservativt stempel og var nok meir til beste for mellomklassa og dei rike enn for dei mindre velståande og fattige. Under Cameron voks den britiske underklassa.

Våren 2016 synte avdekkingane gjennom Panama-dokumenta at Cameron og familien hans hadde delar av formuen sin gøymd i skatteparadis. Til liks med mange andre hadde dei truleg ikkje brote lova, men forklaringane hans var glidande og unnvikande og lite overtydande, til det heile til slutt blei dokumentert. Cameron var òg mellom dei politikarane som hadde ført opp krav om for mykje møtepengar for arbeidet sitt i Parlamentet. Det var ein stor skandale, som blei avdekt av media i 2009.

Dåverande statsminister David Cameron på besøk i Noreg i 2012. Foto: Statsministerens kontor, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Dåverande statsminister David Cameron på besøk i Noreg i 2012. Foto: Statsministerens kontor, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Folkerøysting om EU

Cameron var ein overtydd tilhengjar av britisk medlemskap i EU. Men for å halde partiet saman, lova han å arrangere ei folkerøysting om vidare medlemskap. Dei konservative var delte i dette spørsmålet, og til høgre for dei konservative fekk partiet UKIP (dei uavhengige), stor oppslutnad under røystinga. Ved å gjennomføre folkerøystinga vona Cameron at partiet skulle unngå dei politiske problema. Men striden gjorde kløyvinga i partiet djupare enn nokon gong.

Frå ein demonstrasjon 2. juli 2016, i etterkant av folkerøystinga om EU. Foto: Alex J. White, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Frå ein demonstrasjon 2. juli 2016, i etterkant av folkerøystinga om EU. Foto: Alex J. White, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Ein av dei mest populære politikarane i partiet, tidlegare borgarmeister i London, Boris Johnson, var leiar for dei som ville ut av unionen. Då resultatet låg føre 23. juni 2016, synte det seg at dei som ville ut av EU, vann. Det var eit sjokk, og i strid med dei fleste spådomar. Cameron varsla at han ikkje kunne leie landet under forhandlingane om brexit og ville gå av som statsminister. Etter ein kort politisk prosess blei Theresa May, som hadde hatt ministerpostar i regjeringa til Cameron, vald til statsminister. Boris Johnson blei utanriksminister.

Boris Johnson. Foto: Foreign and Commonwealth Office, Flickr.com CC BY 2.0..

Boris Johnson. Foto: Foreign and Commonwealth Office, Flickr.com CC BY 2.0..

David Cameron er gift med Samantha Sheffield, som sjølv er av adeleg ætt. Den eldste sonen deira, Ivan, døydde seks år gamal i februar 2009. Han var sterkt fysisk og mentalt funksjonshemma og fekk stell heile døgnet. Cameron har fortalt at det var eit sjokk at guten hadde desse problema då han blei fødd, men at dei kjende stor sorg då han døydde.

Etter Ivan fekk dei to døtrer, Nancy og Florence Rose, og sonen Arthur. Det fekk stor offentleg merksemd då Cameron tok foreldrepermisjon då Arthur blei fødd i 2006.

David Cameron gjekk ut av Parlamentet i september 2016 og har seinare engasjert seg i verksemder i sivilsamfunnet. I januar 2017 blei han president for alzheimerforskinga i Storbritannia.

David og Samantha Cameron viser fram deira nyfødde dotter Florence Rose i 2010 utanfor den britiske statsministerbustaden i London, Downing Street 10. Foto: Number 10 / The Prime Minister's Office, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0

David og Samantha Cameron viser fram deira nyfødde dotter Florence Rose i 2010 utanfor den britiske statsministerbustaden i London, Downing Street 10. Foto: Number 10 / The Prime Minister's Office, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0

Kjelder

Hans Olav Lahlum og Øyvind Bratberg: Britiske statsministre 1900–2015, Oslo 2015

The New York Times 28. juli 2016

«David Cameron», Biography.com, sist oppdatert 24.6.2016: http://www.biography.com/people/david-cameron-39203 [lesedato 22.2.2017]

Anne Kristine L. Toje: «Hvem er David Cameron?», minervanett.no, publisert 31.1.2007, sist oppdatert 28.1.2015: https://www.minervanett.no/hvem-er-david-cameron/ [lesedato 22.2.2017]

Mail online: http://www.dailymail.co.uk/ [lesedato 25.1.2017]

The Guardian: https://www.theguardian.com [lesedato 21.2.2017]

Først publisert: 22.03.2017
Sist oppdatert: 24.05.2017