Hopp til innhold
X
Innhald

Eilert Christian Christie

Eilert Christian Christie, 1832–1906, var arkitekt.

Christie er mest kjend for restaureringsoppgåver. I 1872–1906 leidde han restaureringa av Nidarosdomen, basert på bygningsarkeologiske undersøkingar. Han teikna også planar for restaurering av Håkonshallen (1861–95). I 1890-åra bygde han fleire nygotiske kyrkjer på Vestlandet med stavkyrkjepreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.10.2016
Sist oppdatert: 05.10.2016