Hopp til innhold
X
Innhald

Eric Clapton

Eric Clapton, fødd 1945, er britisk rockgitarist og vokalist. Gjennom ein lang, skiftande karriere har han vidareutvikla bluesen, mellom anna i gruppene The Yardbirds, Cream og Blind Faith i 1960-åra.
 
Sidan 1970-åra har Clapton hatt ein solokarriere med meir kommersiell musikk. Mellom albuma hans finn ein Slowhand (1977), Journeyman (1989), Unplugged (1992), From the Cradle (1994), Reptile (2001) og Back Home (2005).
 
Foto: AlexG Flickr.com CC BY
Foto: AlexG Flickr.com CC BY

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 28.04.2014