Hopp til innhold
X
Innhald

Eric Coates

Eric Coates, britisk komponist.

Eric Coates [kouts], 1886–1957, var britisk komponist. Coates var ein av dei leiande innanfor kategorien «Light music». Han har mellom anna skrive Dei tre bjørnane, to London-suitar, marsjar og ballettmusikk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 16.09.2015