Hopp til innhold
X
Innhald

Erling Christophersen

Erling Christophersen, 1898–1996, var botanikar og diplomat. Han verka som direktør for Utanriksdepartementets kontor for kulturelt samkvem med utlandet i 1951–61 og 1964–68. Christophersen skreiv vitskaplege avhandlingar om floraen på atlanterhavsøyane Tristan da Cunha og på fleire av stillehavsøyane. Han skreiv også fleire populære bøker, mellom anna om norsk flora og vegetasjon.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.11.2013
Sist oppdatert: 28.11.2013