Hopp til innhold
Foto: The John F. Kennedy Presidential Library and Museum. (ukjend fotograf/ ingen kjende restriksjonar)
Foto: The John F. Kennedy Presidential Library and Museum. (ukjend fotograf/ ingen kjende restriksjonar)
X
Innhald

Fidel Castro

Tidlegare president Fidel Castro starta som cubansk geriljakrigar og leidde opprøret mot diktatoren Batista, som førte til at Batista flykta frå Cuba i 1959. Fidel Castro vart ny statsleiar, og han innførte eit kommunistisk styresett som har vart fram til vår tid.

Fidel Castro heitte eigentleg Fidel Alejandro Castro Ruz og var fødd 13. august i 1926 i provinsen Holguín på Cuba og døydde 25. november 2016. Han vart fødd utanfor ekteskap og hadde ein vanskeleg og fattigsleg oppvekst. Han utdanna seg til jurist ved Universitetet i Havanna og vart først kjend som ein radikal studentaktivist. Han protesterte mot diktatoren Fulgencio Batista, mot nordamerikanske storkonsern som eigde mykje av jorda på Cuba, og mot USAs makt og kontroll over det kubanske samfunnet. Protestane vart meir og meir valdelege, og i 1953 vart Fidel og broren Raúl tekne til fange av Batista-regimet, etter eit mislykka angrep mot ei militærforlegning. Dei vart dømde til lange fengselsstraffer, men slapp ut i mai 1955. Då reiste Fidel Castro i eksil til Mexico, og der bygde han opp det som seinare har vorte heitande 26. juli-rørsla.

Saman med 81 andre revolusjonære gjekk han i land på Cuba og starta geriljakrig med utgangspunkt i Sierra Maestra-fjella. I to år varte krigen, og dei revolusjonære greidde å jage Batista ut av landet 1. januar 1959. Ei hovudårsak var at fagforeiningane og den borgarlege opposisjonen gjorde felles sak med Castro.

(Artikkelen held fram under biletet)

Foto: Carol Crisosto Cadiz, Flickr.som CC BY-SA 2.0

Foto: Carol Crisosto Cadiz, Flickr.som CC BY-SA 2.0

Sosialistisk stat

Castro etablerte så den første sosialistiske staten på den vestlege halvkula. Han bygde opp eit kommunistisk styresett. I førstninga var han skeptisk til kommunismen i Aust-Europa, men etter at han møtte sovjetleiaren Nikita Khrusjtsjov under FNs generalforsamling i 1960, vart han positiv til det sovjetiske systemet. Han fekk etter kvart mykje økonomisk hjelp frå Sovjetunionen. Utan den hjelpa hadde nok det kommunistiske eksperimentet på Cuba vorte vesentleg meir kortvarig. Etter oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 gjekk Cuba igjennom ei alvorleg økonomisk krise, som tvinga Castro til store økonomiske reformer.

Revolusjonssymbol

Castro vart eit revolusjonssymbol i Latin-Amerika og også i fleire land i Afrika. På Cuba nasjonaliserte han jorda og kollektiviserte jordbruket etter sovjetisk modell. Også industrien og bankane vart nasjonaliserte. Han fekk bygd opp eit helsevesen i verdsklasse, og han innførte eit gratis utdanningssystem. Men samtidig stod kommunistregimet på Cuba for politisk undertrykking av opposisjonelle og har vorte kritisert for mange brot på menneskerettane. Landet var ein eittpartistat der opposisjon var ulovleg.
Hovudnæringa er jordbruk, der produksjonen av sukkerrør og sitrusfrukter dominerer. Dei seinare åra har også turismen vorte ei viktig næring. Fidel Castro var statsminister frå 1959 til 1976, då han vart president, eit verv han hadde fram til 2006. Då vart han alvorleg sjuk, og broren Raúl tok over som leiar, frå 2008 tok Raúl også over presidentvervet, som han har framleis.

Cubakrisa

I 1962 fotograferte amerikanske spionfly sovjetiske atomrakettar som var utplasserte på Cuba. Det vart opptakten til Cubakrisa, nokre dagar då verda var nær ein atomkrig. USA innførte blokade av Cuba og varsla at alle russiske skip kom til å verte stansa. Etter ein nervekrig som varte i 13 døgn, varsla Nikita Khrusjtsjov at rakettane på Cuba skulle demonterast, og krisa var over.

Kjelder

«Fidel Castro», biography.com: http://www.biography.com/people/fidel-castro-9241487 [lesedato 15.1.2014]
«Fidel Castro», britannica.com: http://www.britannica.com/EBchecked/topic/98822/Fidel-Castro [lesedato 15.1.2014]
«Fidel Castro», history.com: http://www.history.com/topics/cold-war/fidel-castro [lesedato 15.1.2014]
Store norske leksikon: http://snl.no/Fidel_Castro [lesedato 15.1.2014]

Først publisert: 19.06.2014
Sist oppdatert: 17.01.2017