Hopp til innhold
 Finn Carling. Foto: Rigmor Dahl Delphin. Digitaltmuseum.no. CC BY.
Finn Carling. Foto: Rigmor Dahl Delphin. Digitaltmuseum.no. CC BY.
X
Innhald

Finn Carling

Finn Carling, 1925–2004, var forfattar. Han debuterte i 1949 med novellesamlinga Broen, deretter kom romanen Stemmene og nuet i 1950. Sentralt står sjølvbiografien Kilden og muren frå 1958. Viktige verk elles er romanen Sensommerdøgn frå 1960, skodespelet Gitrene frå 1966, diktsamlinga Lys på et ansikt frå 1969, artikkelsamlinga Skapende sinn frå 1970, skisser i Fiendene frå 1974, barndomsminne I et rom i et hus i en have frå 1976, novellesamlinga Marginalene frå 1977, romanane Brevet i 1980 og Lille Orlando i 1986, den sjølvbiografiske romanen Gjensyn fra en fremtid i 1988, Merkelige Maja i 1989, Oppdrag i 1991 og Dagbok til en død i 1993.
 
 Carling var ein produktiv forfattar som mot slutten av forfattarskapen mellom anna skreiv romanane Matadorens hånd frå 1995, En annen vei frå 1996, Kan hende ved en bredd frå 1999, Forstenede øyeblikk frå 2000, Øynene i parken frå 2001, Reiser i et lukket rom frå 2002 og De små hjelperne frå 2003.
 
Carling fekk Norsk kulturråds ærespris i 1999.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.03.2013
Sist oppdatert: 16.05.2013