Hopp til innhold
Portrett av Fryderyk Chopin, fotografisk reprodusjon av måleri av E. H. Schroeder. Kredit: Bergen Public Library Norway, Flickr.com (No known copyright restrictions/ public domain).
Portrett av Fryderyk Chopin, fotografisk reprodusjon av måleri av E. H. Schroeder. Kredit: Bergen Public Library Norway, Flickr.com (No known copyright restrictions/ public domain).
X
Innhald

Frédéric (Fryderyk) Chopin

Fryderyk Franciszek Chopin, polsk komponist og pianist. Han var mellom dei fremste pianistane i si tid.

Fryderyk Chopin var fødd i Żelazowa Wola, nær Warszawa, 1. mars 1810 og døydde 17. oktober 1849 i Paris. Han studerte ved musikkonservatoriet i Warszawa frå 1826 til 1829, under Jósef Elsner. I 1830 forlét han Polen for alltid og etablerte seg snart som komponist, pianist og lærar i Paris. Der vart han verande livet ut.

Chopin utvida det ekspressive og tekniske potensialet til pianomusikken langt forbi det forgjengarane Beethoven, Mendelsohn og Schumann hadde. Han var éin av dei fremste pianistane i si tid, men ulikt den samtidige virtuos-komponisten Franz Liszt, fekk Chopin aldri sansen for dei store konserthallane. Han likte heller å spele i private selskap hos Paris-sosieteten. Dette kan ein høyre i musikken hans, for etter at han flytta til Paris, veik han unna dei store konsertsjangrane og utvikla heller kortare, meir lyriske sjangrar, mellom anna etyde, vals, masurka, polonese og nokturne.

Pianomusikken til Chopin er eineståande idiomatisk (tilpassa til instrumentet), noko som tidleg gjorde han til ein favoritt, ikkje berre hos publikum, men òg hos pianistane sjølve. Utan å senke kvaliteten varierte han vanskegraden på stykka sine, slik at mange kan framførast tilfredsstillande av flinke amatørar og studentar. Det gjorde at musikken hans spreidde seg i vidare krinsar og gav han rimeleg store inntekter i form av notesal. Samstundes er andre stykke ekstremt utfordrande teknisk, skrivne for å syne fram hans eigen utrulege pianoteknikk.

(Artikkelen held fram under biletkarusellen)

galleri

Polen

Chopin var fødd inn i ein middelklassefamilie med gode kontaktar i det akademiske og kunstnarlege miljøet i Warszawa. Han spela offentlege konsertar og skreiv komposisjonar frå han var sju år gamal og vart sedd på som eit vedunderbarn. I 1826 begynte han ved konservatoriet i byen, der han briljerte og vart utskriven tre år etter med berre lovord.

Chopin skreiv dei to pianokonsertane sine (Op. 11 og Op. 21) i slutten av tenåra og framførte dei på to av sine etter kvart sjeldne offentlege konsertar i heimbyen i 1830. Det vart meir og meir klart at musikklivet i Polen ikkje hadde nok å by på for han, men det var langt frå tankane hans at han aldri meir skulle sjå heimlandet, då han i november 1830 fór til Wien, med den planen å gjennomføre ein lengre konsertturné.

Ein ny heim

Ei veke etter at han var komen til Wien, kom nyhendet om at polske styrkar i Warszawa hadde gjort opprør mot dei russiske okkupantane, i det såkalla novemberopprøret. Dette gjorde at det nesten var umogleg å reise heim, så han vart verande i Wien i åtte vanskelege månader. Til slutt kom han seg til Paris, der han fann seg betre til rette. Mange der identifiserte seg med den polske oppstanden, og byen var full av polske flyktningar. Kulturlivet overvelda han, og han fekk sjølv debutere i april 1832. I løpet av det neste halvåret hadde han vorte svært populær blant sosieteten, og han levde snart på inntektene frå pianoundervising, som han tok seg svært godt betalt for.

Då han heldt store konsertar i Polen og Austerrike, mislikte han sterkt all publisiteten, så den nye karrieren hans som salongpianist og lærar passa han mykje betre. Med den følgde òg ei ny retning i musikken hans, der han gjekk bort frå konsertsjangrane som dominerte i Warszawa, og tok til å leggje meir vekt på kortare stykke og musikk som var enkel nok til at elevane hans kunne spele dei. Snart selde notehefta hans godt i fleire europeiske land.

Novemberopprøret og eksilet frå heimlandet rørte opp under nasjonalistiske kjensler i Chopin, som vart meir oppteken av tradisjonelle, polske danseformer som polonese og særleg masurka. Sjølv om musikken hans ikkje hadde noko eksplisitt nasjonalistisk program eller tekst, vart han eit ikon for dei undertrykte polakkane og modell for seinare nasjonalromantiske komponistar, til dømes Edvard Grieg.

Nohant

I 1838 vart han kjend med forfattaren George Sand (eigentleg Aurore Dupin), og kjærleiksforholdet deira dominerte livet hans dei neste ni åra. Vinteren 1838/39 var han på Mallorca saman med Sand og borna hennar, der han skreiv ferdig dei nyskapande Préludes. Inspirerte av Bach etablerte desse stykka i praksis preludiet som ein sjølvstendig sjanger.

Ein ny rutine vart etablert, der Chopin kvar sommar trekte seg attende til Sand sin familieheim i Nohant, sør for Paris, for å komponere. Musikken hans vart endå meir ambisiøs, og med meir vekt på kontrapunkt og utfordrande harmoniar, sjølv i dei korte sjangrane som masurka (Op. 50 og Op. 56) og nokturne (Op. 48 og Op. 55). Han redefinerte mange av sine eigne sjangrar ved å trekkje ut den stilistiske essensen av gamle former og sprengje grensene for kva ein kunne gjere med dei. Han skreiv òg lengre pianoverk, til dømes dei to store polonesane (Op. 44 og Op. 53) og dei siste balladane (Op. 47 og Op. 52).

I 1847 førte familieintrigar til at forholdet til Sand vart avslutta, og etter dette slutta Chopin nesten heilt å komponere. Februarrevolusjonen i 1848 gav han eit påskot til å reise på eit lengre besøk til Storbritannia. Men i november vart han så sjuk av tæring at han måtte hentast heim til Paris. 17. oktober året etter døydde han, og vart gravlagd på Père Lachaise. Hjartet hans vart, slik han ønskte, smugla heim til Polen, der det no kviler i Den heilage krosskyrkja i Kraków.

galleri

Kjelder

Richard Taruskin: Music in the Nineteenth Century. The Oxford History of Western Music. Oxford 2009

Michael Kennedy (red.): «Chopin, Fryderyk», The Oxford Dictionary of Music, 2. utgåve, Oxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/opr/t237/e2099 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 28.11.2014]

Kornel Michałowski og Jim Samson: «Chopin, Fryderyk Franciszek», Grove Music Online. Oxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/grove/music/51099 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 28.11.2014]

Alex Ross: «Chopin's Heart», i The New Yorker, publisert på nett 5.2.2014: http://www.newyorker.com/culture/culture-desk/chopins-heart [lesedato 28.11.2014]

Jim Samson: «Chopin, Fryderyk», The Oxford Companion to Music. Oxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/opr/t114/e1358 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 28.11.2014]

Barbara Smolenska-Zielinska: «Biography – general outline», chopin.pl, omsett til engelsk av Aleksandra Rodzińska-Chojnowska: http://www.chopin.pl/biography_chopin.en.html [lesedato 28.11.2014]

Mieczysław Tomaszewski: «The creative personality of Fryderyk Chopin». chopin.pl, omsett til engelsk av Magda Mierowska: http://www.chopin.pl/personality.en.html [lesedato 28.11.2014]


Sist oppdatert: 04.09.2015