Hopp til innhold
X
Innhald

Frede Castberg

Frede Castberg, 1893–1977, var jurist med dr.jur.-grad frå 1921 og son av Johan Castberg. Han verka som professor i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo i åra 1928–63, og var rektor same stad i 1952–58. Castberg har ein omfattande rettsvitskapleg og rettsfilosofisk forfattarskap bak seg, og han naut stor respekt både nasjonalt og internasjonalt. Han deltok på vegne av Noreg i fleire internasjonale organisasjonar og forhandlingar. Til dømes var han president for kuratoriet i Folkerettsakademiet i Haag frå 1962 til 1976.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.08.2012
Sist oppdatert: 05.08.2012