Hopp til innhold
X
Innhald

Henry Cavendish

Henry Cavendish, 1731–1810, var britisk fysikar og kjemikar. Han oppdaga grunnstoffet hydrogen i 1766. Cavendish viste også at oksygenet og nitrogenet i lufta dannar kjemisk forbindelse ved elektrisk utlading, og at vatn består av hydrogen og oksygen. Han bestemte ein verdi for gravitasjonskonstanten.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011