Hopp til innhold
Hillary Clinton. Foto: U.S. Department of State, http://www.state.gov/ (fri lisens)
Hillary Clinton. Foto: U.S. Department of State, http://www.state.gov/ (fri lisens)
X
Innhald

Hillary Clinton

Hillary Clinton er ein amerikansk jurist og politikar. Ho har vore utanriksminister og var USAs førstedame då mannen hennar, Bill Clinton, var president frå 1993 til 2001. Hillary Clinton var demokratane sin kandidat ved presidentvalet i november 2016, men tapte valet.

Hillary Diane Rodham Clinton er fødd 26. oktober 1947 i Chicago, Illinois. Foreldra var metodistar, og faren var forretningsmann, medan mora var heimeverande. Ho har to yngre brør. Foreldra var republikanarar, og i tenåra var Hillary påverka av deira syn. Ho forlét det republikanske partiet i 1968.

Clinton studerte ved kvinneskulen Wellesley College i Massachusetts, der ho i 1969 tok ein grad i historie. Deretter utdanna ho seg til jurist ved Yale University i Connecticut, der ho tok eksamen i 1973. Her møtte ho William Jefferson Clinton, og dei flytte saman i 1972. Dei gifte seg i 1975.

Allereie i 1971 var ho sommarvikar ved eit advokatkontor i Oakland i California, og etter at ho var rådgivar for justiskomiteen i Representanthuset i den amerikanske Kongressen, blei ho advokat i advokatfirmaet Rose i heimbyen til Bill Clinton, Little Rock i Arkansas. Ho var samstundes tilsett som professor ved University of Arkansas i Fayetteville.

(Artikkelen held fram under biletkarusellen)

galleri

Beundra og hata

Hillary Clinton er ein av dei mest kjende personane i verda. Heilt sidan ektemannen hennar blei vald til president i USA i 1992, har ho vore i media sitt søkjelys. Ho er beundra og hata, ho har sigra og tapt. Ho var kandidat ved presidentvalet i 2008, som den første førstedama som nokon gong har stilt til presidentval.

Clinton er plassert i sentrum i amerikansk politikk, men som utanriksminister under president Barack Obama frå 2009 til 2013 blei ho av mange i det demokratiske partiet sedd på som ein politikar som kjempa sterkare for amerikanske interesser enn for rettferd i verdspolitikken. Republikanarane på si side meiner at ho gav etter for Vladimir Putins Russland, og kritiserte henne for å kome på kant med statsminister Benjamin Netanyahu i Israel.

Hillary Clinton låg an til å bli den første kvinnelege presidenten i USA. Ho var senator frå staten New York frå 2001 til 2009 og kjempa for å bli nominert av det demokratiske partiet i 2008, men tapte mot senatskollegaen Barack Obama, som vann presidentvalet. Ho vann fram i demokratane sin nominasjonsprosess om å bli partiet sin presidentkandidat i 2016, men tapte presidentvalet mot republikanarane sin kandidat Donald Trump.

Politisk karriere

Etter nær 40 år med politisk arbeid lever ho eit liv innanfor den amerikanske politiske eliten. Det har gitt henne stor politisk innsikt og erfaring, og eit stort kontaktnett, men det har òg gjort at ho har fått eit distansert forhold til folk flest. Ho har ikkje køyrt bil sjølv sidan 1995 og er aldri å finne på McDonald's.

For ein tenåring frå ein velståande familie i Illinois var det naturleg å slutte opp om republikanarane, og under valkampen i 1964, då den konservative Barry Goldwater var kandidat, arbeidde ho som frivillig for han. Men då Richard Nixon blei kandidat for republikanarane i 1968, gjekk ho over til demokratane. I 1972 arbeidde ho for George McGovern, som var 1968-generasjonen og Vietnam-protestantane sin kandidat mot Richard Nixon. Under nominasjonskampen i 2016 er det blitt sagt at ho tidleg i 1970-åra hadde ein politisk profil som hadde gjort det naturleg for henne å stemme på rivalen om den demokratiske nominasjonen, Bernie Sanders.

Det spela nok ei rolle for den politiske snuoperasjonen hennar at ho som jusstudent ved Yale var engasjert i minoritetsspørsmål og born sine rettar. Dette er tema ho har vore oppteken av gjennom heile den politiske karrieren sin. Som USAs førstedame frå 1993 til 2001 engasjerte ho seg i internasjonale kvinnespørsmål, og på FNs kvinnekonferanse i Beijing i 1995 kritiserte ho Kina for dei vilkåra kinesiske kvinner måtte leve under. Seinare kritiserte ho Taliban i Afghanistan for deira behandling av jenter og vaksne kvinner. Ho har elles arbeidd mykje med dei generelle menneskerettane.

Den politiske karrieren til Hillary Rodham Clinton er på mange måtar bunden til karrieren til ektemannen Bill, og det blei det sagt at dei utgjorde eit kraftfullt tospann. Då han blei vald til guvernør i Arkansas i 1979, fekk ho oppgåva med å leie komiteen som reformerte skulesystemet i staten. Og då han blei president, blei ho sett til å leie arbeidet med Clinton si helsereform, som blei stansa i Kongressen, kanskje mest fordi ho mangla politisk røynsle.

Men Hillary Rodham var allereie midt i 1970-åra engasjert i Washington-politikken på eiga hand, då ho arbeidde for justiskomiteen i Representanthuset, som då førebudde riksrettsklage mot Richard Nixon etter Watergate-skandalen. Ho heldt òg fram med advokatkarrieren sin etter at mannen blei vald til guvernør, og ho arbeidde ofte med saker som galdt rettane til barn og kvinner. Men ho var òg styremedlem i store amerikanske selskap, til dømes Wal-Mart. Slik blei ho kjend med mange maktpersonar både innanfor offentleg verksemd og i det private næringslivet, og dessutan innanfor organisasjonar i sivilsamfunnet gjennom frivillig arbeid.

Valkampen 2016

Denne politiske kapitalen gjorde at ho i byrjinga av nominasjonskampen i 2015 stod så sterkt at både politikarar og kommentatorar rekna med at vegen til den endelege nominasjonen som kandidat for demokratane ved presidentvalet i november 2016 var rydda for henne. Slik gjekk det ikkje. Ho fekk seriøs motstand frå ein aldrande senator frå Vermont, som ikkje ein gong er med i det demokratiske partiet, 74-åringen Bernie Sanders. Det merkelege har skjedd at Sanders, som er fem år eldre enn Clinton, har fått oppslutning frå dei unge. Jamvel om han har vore medlem av den amerikanske kongressen sidan tidleg i 1990-åra, har unge menn og kvinner flokka seg om han som ein som, i motsetnad til Clinton, ikkje høyrer til den styrande eliten.

Slik kan ein seie at Hillary Clintons erfaring og langvarige teneste for landet sitt blei ei ulempe i møtet med ei veljargruppe som meinte at den politiske og økonomiske utviklinga har gått i feil retning dei siste åra. Clinton oppdaga òg at den klare leiinga hennar i starten av valkampen blei ei ulempe for henne når media har teke kvart eit lite tilbakeslag som ei storhending dei kan slå stort opp. Det vart tett på slutten mellom Sanders og Clinton, men 12. juli, nokre få dagar før landsmøtet i partiet, gav Sanders opp og erklærte støtte til Clinton som presidentkandidat.

Hillary Clinton vart nominert som presidentkandidat under landsmøtet i juli 2016, men tapte kampen mot republikanarane sin kandidat Donald Trump om å bli president.

(Artikkelen held fram under biletkarusellen)

galleri

Snubletrådar

I det heile har Hillary Clinton sin suksess i det amerikanske samfunnet vore full av små og store hindringar. Ho har gått på snubletrådar og dumme feil, til dømes Whitewater-historia, då Bill Clinton var guvernør og Hillary var engasjert i eit utbyggingsprosjekt som gjekk konkurs, eller som då ho som utanriksminister brukte den private e‑postadressa si til offisiell korrespondanse og hevda at e‑postane ikkje kunne offentleggjerast fordi dei var hemmelege. Ingen av dei var merkte med noko slikt stempel, kunne avisa The New York Times avsløre. Ho har òg brukt tida etter at ho og Bill flytta ut av Det kvite huset til å byggje opp ein formue gjennom boksal og himmelropande høge talehonorar.

Politisk har det hefta ved henne at ho støtta George W. Bush si krigføring i Irak, og at ho gav klarsignal for at den libyske leiaren Muammar Gaddafi skulle avsetjast og til slutt blei drepen. Republikanarane har òg gitt henne skulda for attentatet mot den amerikanske utanriksstasjonen i Bengazi i Libya, der mellom anna ambassadøren blei drepen. Men ho har òg sine kritikarar på venstresida i sit eige parti, dei som synest at ho står finansmiljøa og bankane for nær, dei som folk meiner har skulda for finanskrisa i 2008 og den veksande ulikskapen i det amerikanske samfunnet.

Hillary Clinton har likevel sterk oppslutning frå etablissementet i partiet og frå viktige veljargrupper som tradisjonelt støttar demokratane: minoritetar, kvinner og kvite middel- og arbeidarklasseveljarar. Mange av dei ser i henne ein idealist som har kjempa for deira sak gjennom fleire tiår, men som òg er ein realist med eit langt liv i politikken og tung erfaring som ballast.

Kjelder

Hillary Rodham Clinton: Living History, Simon & Shuster 2003

Diverse artiklar i The New York Times, Time og norske aviser

Først publisert: 11.04.2016
Sist oppdatert: 08.03.2017