Hopp til innhold
X
Innhald

Hjalmar Christensen

Hjalmar Christensen, 1869–1925, var litteraturkritikar og forfattar. Han er mest kjend for det litteraturkritiske verket Unge Nordmænd frå 1893, essaysamlinga Vort literære liv frå 1902 og det kulturhistoriske verket Det nittende aarhundredets Kulturkamp i Norge frå 1905.
 
Gjennombrotet til Christensen som skjønnlitterær forfattar kom med Fogedgaarden i 1911. Han var ein av initiativtakarane til stiftinga av Den Norske Forfatterforening.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.03.2013
Sist oppdatert: 21.05.2013