Hopp til innhold
X
Innhald

Ivo Cramér

Ivo Cramér, 1921–2009, var svensk dansar, koreograf og instruktør. Han starta Cramér-balletten i 1945. Cramér koreograferte og sette i scene operaer, musikalar og revyar i både Sverige og Noreg. Han var ballettsjef ved Stockholmsoperaen i 1975–80.
Cramér laga også ei rekkje ballettar, som Bendik og Årolilja (Sønstevold), Blåskjeggs mareritt (Sæverud) og Katharsis (Nordheim).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 28.04.2014