Hopp til innhold
Litografi av Jean Calvin frå boka «La revolución religiosa : obra filosófico-historica dividida en cuatro partes : Savonarola, Lutero, Calvino, San Ignacio de Loyola» (1880-83), av Emilio Castelar. Kjelde: Fondo Antiguo de la Biblioteca de la Universidad de Sevilla, Flickr.com CC BY 2.0.
Litografi av Jean Calvin frå boka «La revolución religiosa : obra filosófico-historica dividida en cuatro partes : Savonarola, Lutero, Calvino, San Ignacio de Loyola» (1880-83), av Emilio Castelar. Kjelde: Fondo Antiguo de la Biblioteca de la Universidad de Sevilla, Flickr.com CC BY 2.0.
X
Innhald

Jean Calvin

Jean Calvin, fransk teolog og reformator. Han var saman med den sveitsiske teologen Ulrich Zwingli grunnleggjaren av den reformerte kyrkja, ei av dei tre store kyrkjene som voks fram som eit resultat av reformasjonen på 1500-talet. Calvin blir rekna som ein av dei tre store reformatorane, ved sida av Martin Luther og Zwingli. Calvin levde og verka mange år i Genève i Sveits og var påverka av Luther og den tyske reformasjonen.

Calvin var fødd i den franske byen Noyon 10. juli 1509 og døydde i Genève i Sveits 27. mai 1564. Han studerte litteratur og jus i Paris, Orléans og Bourges, og var sterkt påverka av humanismen. I det humanistiske miljøet blei han kjend med tankane til Martin Luther og gjekk over til reformasjonen i 1534. På grunn av dei religiøse meiningane sine måtte han rømme frå Frankrike, og han slo seg først ned i Basel i Sveits, der han skreiv hovudverket sitt, Institutio religionis christianae (Undervisning i den kristne religionen), i 1536. Seinare omarbeidde og utvida han verket fleire gonger.

Calvin som reformator

I Genève var reformasjonen nyleg innført, og på ei gjennomreise blei Calvin overtalt av leiaren for reformasjonen i byen, Guillaume Farel, til å busetje seg der. Då Calvin og Farel gjorde framlegg om at alle innbyggjarane skulle slutte seg til reformasjonen og ville innføre kyrkjetukt, møtte dei så stor motstand at Calvin måtte forlate byen i 1538. Han slo seg ned i Strasbourg som prest for franske flyktningar. Etter ei tid blei han beden om å kome tilbake til Genève, og han blei buande der frå 1541.

Under Calvins leiing blei Genève eit sentrum for den sveitsiske reformasjonen. Etter forhandlingar med byrådet blei det innført ei kyrkjeordning som bygde på Det nye testamentet og med streng kyrkjetukt og overvaking av kyrkjemedlemene. Etter kvart fekk tilhengjarane til Calvin fleirtal i byrådet. Saman med prestane og dei «eldste» såg byrådet til at innbyggjarane heldt dei ti boda. Det strenge religiøse regimet førte til at somme som ikkje ville innordne seg, måtte reise frå byen. Avrettingar skjedde òg. Calvin utarbeidde ei gudstenesteordning og gav ut ei katekisme som skulle nyttast i undervisninga. Han forbetra gymnaset og skipa eit universitet i byen i 1559.

Gatekunstportrett av Jean Calvin. Foto: thierry ehrmann, Flickr.com CC BY 2.0.

Gatekunstportrett av Jean Calvin. Foto: thierry ehrmann, Flickr.com CC BY 2.0.

Calvins teologi

Det strenge moralske synet til Calvin og kalvinismen hadde samanheng med sentrale drag i Calvins teologi. Han la sterk vekt på Gud som majestet, ein Gud som kravde absolutt lydnad frå menneska. Bibelen var ei lov gitt av Gud, og oppgåva for menneska var å lære denne lova å kjenne og rette seg etter henne. Eit særmerke ved Calvins teologiske tenking var også predestinasjonslæra, det vil seie at Gud frå æva har bestemt menneska til anten frelse eller fortaping (dobbel predestinasjon). I nattverdsynet avviste Calvin tanken om at Kristus var fysisk til stades i brød og vin. Nattverdelementa var i staden symbol på Kristi lekam og blod. Nattverden blei primært oppfatta som eit minnemåltid.

Calvins teologi fekk innverknad over heile Europa. Dei fleste av dei reformerte kyrkjeordningane er prega av læra hans. Calvin hadde eit omfattande forfattarskap, både på fransk og på latin. Han skreiv kommentarar til og preiker over store delar av Bibelen.

Litografi som framstiller Jean Calvin. «The death of Calvin», av W.L. Walton etter Oakley, ca. 1865. Kjelde: Wellcome Images CC BY 4.0.

Litografi som framstiller Jean Calvin. «The death of Calvin», av W.L. Walton etter Oakley, ca. 1865. Kjelde: Wellcome Images CC BY 4.0. 

Kjelder

Bernhard Cottret: Calvin. A Biography. Edinburgh 2000

Donald K. McKim: Introducing the Reformed Faith. Biblical Revelation, Christian Tradition, Contemporary Significance. Louisville 2001

Donald K. McKim (red.): The Cambridge Companion to John Calvin. Cambridge 2004

Først publisert: 17.10.2017
Sist oppdatert: 04.01.2018