Hopp til innhold
X
Innhald

Jean Gaspard de Cicignon

Jean Gaspard de Cicignon, 1625–96, var luxembourgsk generalmajor og fortifikasjonsingeniør.

Cicignon var kommandant på Bergenhus frå 1664 og guvernør i Fredrikstad frå 1677. Han arbeidde med festningane i Bergen, Fredrikstad og Trondheim, og saman med Anthony Coucheron laga han forslag til byregulering for Trondheim etter brannen i 1681.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.10.2016
Sist oppdatert: 05.10.2016