Hopp til innhold
X
Innhald

Joe Cocker

Joe Cocker, fødd 1944, er britisk songar. Cocker braut gjennom med Beatles-melodien With A Little Help From My Friends i 1968. På Woodstock-festivalen i 1969 i USA var han ein av dei store sensasjonane. Cocker fekk stor kommersiell suksess frå 1980-åra, mellom anna i duett med Jennifer Warnes (Up Where We Belong) og med musikk til filmen 9 1/2 Weeks (You Can Leave Your Hat On).
 
 
Foto:
Foto: "amber" Flickr.com CC BY-SA

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 15.04.2014