
Johan Castberg
Johan Castberg, statsråd og jurist.
Johan Castberg, 1862–1926, var jurist og politikar (Venstre og Det radikale folkepartiet). Castberg var stortingsrepresentant i fleire periodar mellom 1900 og 1926. Han var dessutan justisminister i 1908–10 og sosialminister i 1913–14. I desse rollene gjennomførte han fleire viktige sosiale reformer, som «dei castbergske barnelovene», Boligbanken, betre arbeidarvernlovgiving m.m. Castberg skapte også grunnlaget for konsesjonslovgivinga.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Sist oppdatert: 01.02.2016