Hopp til innhold
John Cage. Laban Centre, London 1980.
John Cage. Laban Centre, London 1980.
X
Innhald

John Cage

John Milton Cage, amerikansk komponist og kunstnar. Han var av dei mest sentrale musikkfornyarane på 1900-talet og knytte sterke band mellom musikken og dei andre kunstgreinene.

John Cage var fødd i Los Angeles 5. september 1912 og døydde i New York 12. august 1992. Han studerte i to år ved Pomona College i Claremont, men slutta utan fullført grad i 1930. I 1933–34 studerte han komposisjon under Henry Cowell og Arnold Schönberg.
 
I 1938 tok han til å arbeide på the Cornish School of the Arts i Seattle, der han trefte dansaren Merce Cunningham, som vart den nærmaste samarbeidspartnaren hans, og etter kvart livspartnar. I 1942 reiste Cage til New York, der han fann seg til rette i det radikale kunstnarmiljøet, utan at musikken hans vart lagd merke til i særleg grad.
 
I 1940-åra studerte han zenbuddhisme, noko som vart svært viktig for han, og frå 1951 og i mange år framover brukte han aleatoriske (tilfeldige) metodar i alle komposisjonane sine. Rundt 1960 hadde musikken gjort han svært namngjeten, og han brukte mykje tid på å reise rundt og halde foredrag for studentar og andre. Han fann attende til den visuelle kunsten, og i tillegg skreiv han sakprosa og dikt.
 
Cage sitt første meisterverk og det mest ambisiøse verket hans var Sonatas and Interludes (1946–48). Det er skrive for preparert piano og er påverka av indisk kunsttenking. Music of Changes (1951), skrive for pianisten David Tudor, var det første store verket som var komponert ved hjelp av «I Ching», det antikke kinesiske sjansesystemet som han brukte trufast resten av livet. Året etter skreiv han 4'33'', det aller mest kjende verket hans, der utøvaren(ane) sit heilt stille på scena i fire minutt og trettitre sekund.
 
(Artikkelen held fram under videoen)
Video: Music of Changes (1951), Cage sitt første store verk som var komponert ved hjelp av «I Ching», det antikke kinesiske sjansesystemet.
 
Støy og nye lydar
Den unge Cage var svært intelligent og såg på seg sjølv først og fremst som skribent og kunstnar. Men då han i 1933 prøvde å få komposisjonstimar av legenda Arnold Schönberg og ikkje hadde råd, spurde læraren om Cage lova å vie livet sitt til musikken. Han svara ja – og fekk timane gratis.
 
Der harmoni var sjølve grunnmuren hos Schönberg, var Cage ikkje interessert i dette, og han tok til å leite etter ei erstatning. I Seattle utvikla han i staden den såkalla «mikro-makrokosmiske» rytmiske strukturen, som inneber at hovuddelane av ein komposisjon har dei same innbyrdes forholda som dei mindre delane.
 
Cage sitt arbeid med perkusjonsmusikk, påverka av Edgar Varése, førte han fram til det preparerte pianoet, som han utvikla fordi eit dansestykke som kravde perkusjonsmusikk, skulle framførast i ein sal utan plass til instrumenta. Han stakk ulike objekt mellom pianostrengene og prøvde seg fram med lydane som oppstod. Han såg snart den kreative verdien i denne nye klangverda og utvikla teknikken sin, slik at prepareringsinstruksjonane, for til dømes Sonatas and Interludes (1946–48), tek fleire timar å førebu. I 1939 skreiv han Imaginary Landscape No. 1, det første verket hans som kombinerer elektronisk og akustisk lyd. Det er eit pionerverk innanfor den elektro-akustiske musikken.
 
Zen og «sjansemusikken»
Etter eit turbulent tid, både kunstnarleg og personleg, midt i 1940-åra, tok Cage til å studere zenbuddhisme. Etter å ha vitja eit anekkoisk (klanglaust) kammer fekk han ideen om at stille ikkje finst, berre ikkje-intenderte («non-intended») lydar. Spenninga mellom lyd og stille, intensjon og ikkje-intensjon vart heilt sentral for han i åra som kom.
 
Det første viktige verket hans innanfor «chance music» (tilfeldig musikk eller sjansemusikk) var Music of Changes, der alle musikalske eigenskapar (tonehøgd, tonelengd, tonestyrke osv.) var bestemt tilfeldig, med «I Ching». Sjølv om det kan høyrast lettvint ut, låg det svært nøyaktig komposisjonsarbeid bak, og verket er ein effektiv demonstrasjon av denne metoden som middel til å nå musikalske mål.
 
Mettingspunktet for filosofien vart 4'33'' (1952), det mest kjende og mest kontroversielle verket hans. Her sit utøvaren(ane) heilt stille på scena og lagar ikkje lyd, anna enn å gjere seg klar til å spele ved inngangen til kvar av dei tre satsane. Det musikalske materialet i stykket er utelukkande stille – den ikkje-intenderte lyden av publikum og omgivnadene. Stykket er eit av dei viktigaste og mest nyskapande verka i 1900-talsmusikken og redefinerte kva som vart sedd på som musikk eller ikkje.
 
(Artikkelen held fram under videoen)
Video: Framføring av verket  4'33'' (1952), med William Marx. Filma ved McCallum Theatre, California (ukjent år).
 
«Open form» og «performance»
Resten av 1950-åra var ein svært produktiv periode for Cage. Han levde i avantgardemiljøet i New York, og i lærarjobben sin ved Black Mountain College endra frå organiserte han dei første «happenings», multimediale kunstframsyingar som leidde fram til Fluxus-rørsla i 1960-åra. Han tok til å utforske komposisjonsmetodar som opna opp verka, slik at dei fekk ulikt innhald ved kvar framføring, såkalla «open form».
 
Rundt 1960 var han svært namngjeten, og dei estetiske ideane hans var allment kjende. Han fekk det meir travelt, kunne ikkje halde oppe produktiviteten og snudde i staden verka sine mot sitt eige liv. Ei kjend framføring av 0'00'' (4' 33'' No. 2) i 1965 bestod berre av den forsterka lyden av Cage som sat på scena og skreiv brev. Her var han på grensa til performancekunsten, om ikkje allereie over.
 
Attende til musikken
Frå det gjennomkomponerte Cheap Imitations (1969) og resten av livet var stilen til Cage prega av motsetnader og utforsking av dei, slik som i storverket Song Books (1970), som Cage sjølv tykte minte meir om ein bordell enn eit kunstverk. Dei seinare åra var han meir og meir oppteken av andre kunstformer enn musikk, til dømes visuell kunst og figurdikt.
 
I 1983 var Cage på eit vekeslangt besøk i Noreg, då han mellom anna heldt foredrag og diktframføringar, i tillegg til å vere til stades på konsertar der musikken hans vart framført, og treffe norske musikarar og kunstnarar. Besøket vart svært viktig for utviklinga i norsk samtidsmusikk, mellom anna fordi det var med på å utvide rammene for slags musikk som vart akseptert og verdsett på norske scener. Cage sin musikk vert no ofte framført av norske musikarar.
 
Kjelder
John Cage: John Cage, writer. Selected texts. Edited and introduced by Richard Kostelanetz. New York 1993
Donald Jay Grout et al.: A History of Western Music. Sixth Edition. New York 2001
James Pritchett: The Music of John Cage. Cambridge 1993
 
Geir Johnson: «For 100 år siden ble John Cage født», lydskrift.no, utan dato: http://lydskrift.no/story/100-%C3%A5r-siden-ble-john-cage-f%C3%B8dt [lesedato 9.6.2014]
Geir Johnson: «Høvikodden og musikken, del 2», mic.no, publisert 24.8.2007: http://www.mic.no/nmi.nsf/doc/art2007082409155673802700 [lesedato 8.8.2014]
Lars Mørch Finborud: «John Cage i Norge». ballade.no, publisert 26.3.2009: http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2009032615305293519340 [lesedato 5.6.2014]
James Pritchett et al.: «Cage, John», Grove Music Online. Oxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/grove/music/A2223954 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 6.6.2014]

Først publisert: 05.01.2015
Sist oppdatert: 07.09.2015