Hopp til innhold
X
Innhald

Jon Christensen

Jon Christensen, jazzmusikar med trommer som instrument.

Jon Christensen var fødd 20. mars 1943 i Oslo og døydde same staden 18. februar 2020. Christensen var internasjonalt anerkjend, og han spela med mellom andre Karin Krog, Jan Garbarek, George Russell, Terje Rypdal, Keith Jarrett, Steve Kuhn, Radka Toneff, Knut Riisnæs, Lars Danielsson, Sidsel Endresen, Jazzpunkensemblet, Tomaz Stanko og Bobo Stenson. I tillegg leidde han Masqualero saman med Arild Andersen.
Christensen turnerte over heile verda og var mykje brukt som trommeslagar på det tyske plateselskapet ECM.
Sjå video av Jon Christensen:



 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.11.2013
Sist oppdatert: 18.02.2020