Hopp til innhold
Jonas Collett, måleri. Kjelde: Eidsvoll 1814. Ingen opphavsrett.
Jonas Collett, måleri. Kjelde: Eidsvoll 1814. Ingen opphavsrett.
X
Innhald

Jonas Collett

Jonas Collett var jurist og var med på notabelmøtet på Eidsvoll 16. februar 1814.

Jonas Collett, 1772–1851, var jurist og var med på notabelmøtet på Eidsvoll 16. februar 1814. Collett verka som statsråd frå 1814 til 1836 og som statsminister frå 1829 til 1836. Han bestilte det første norske dampskipet utan godkjenning frå Stortinget. For dette vart han stilt for riksrett, men han vart frikjend. Collett spela ei stor rolle ved innføringa av det kommunale sjølvstyret i 1837.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.02.2016
Sist oppdatert: 02.02.2016