Hopp til innhold

Leonard Cohen

Leonard Norman Cohen, kanadisk forfattar, songar og komponist. Han byrja som poet, skreiv eit par romanar og enda som verdskjend låtskrivar og songar, med ein stor lyttarskare i Noreg.

Leonard Cohen vart fødd 21. september 1934 i Montreal og døydde 7. november 2016. Cohen har jødisk mellomklassebakgrunn. Han studerte ved McGill University, tok ein Bachelor of Arts-grad i 1955, var så vidt innom juss ved same universitetet og studerte så eit år ved Columbia University i New York, «ein elskhug utan klimaks», som han har kalla denne siste studietida.

Han debuterte i 1956 med diktsamlinga Let Us Compare Mythologies. Deretter følgde The Spice-Box of Earth (1961) og andre samlingar, og romanane The Favorite Game (1963) og Beautiful Losers (1966).
Sjå Cohen framføre Hallelujah:
Han kjende seg misnøgd som lyrikar og debuterte for alvor som songar i 1967 med Songs of Leonard Cohen. Han gav ut fjorten studioalbum, mellom anna Songs from a Room (1969), Songs of Love and Hate (1971), Death of a Ladies' Man (1977), Various Positions (1985), I'm Your Man (1988), Dear Heather (2004), Old Ideas (2012) og You Want It Darker (2016), som kom ut kort tid før han døydde. Tekstane sirklar gjerne rundt kjærleik, seksualitet, religiøsitet, depresjon og isolasjon, rundt poesien sjølv, og i seinare album stundom òg rundt allmenne politiske tema.
I 1960-åra budde Cohen i lengre periodar i kunstnarkolonien på øya Hydra i Hellas. Der møtte han den norske kvinna Marianne Ihlen, opphavleg gift med Axel Jensen. Dei heldt saman i over seks år, på Hydra, i Nord-Amerika, nokre månader òg i Noreg. Til henne skreiv han songen «So Long, Marianne».
Frå 1976 til 2013 hadde Cohen 19 konsertar i Noreg. Han illustrerte fleire av sine eigne bøker med teikningar, og hadde utstilling i Oslo hausten 2011 og i Halden 2012.
Cohen er gjendikta til bokmål av Håvard Rem og andre, og til nynorsk av mellom andre Ragnar Hovland, Frode Grytten, Eldrid Lunden og Gunnhild Øyehaug. Ved Dei Nynorske Festspela i 2007 framførte Odd Goksøyr med orkester eigne gjendiktingar under programtittelen «I filler av lys».
Kjelder
Jeff Burger (red.): Leonard Cohen on Leonard Cohen. Interviews and Encounters. Chicago 2014
Leonard Cohens album og bøker
Leonard Cohen: Lengselens bok. Oslo 2006
Kari Hesthamar: So Long Marianne. Ei kjærleikshistorie. Oslo 2008
Lyrikkvennen, 1/1989, Oslo 1989
Ira B. Nadel: Various Positions. A Life of Leonard Cohen. Austin, Texas 1996
Håvard Rem: Leonard Cohen. Kjærlighet og hat. Utvalgte dikt. Oslo 1988
Sylvie Simmons: I'm Your Man. The Life of Leonard Cohen. New York 2012
Peikarar

Først publisert: 10.05.2012
Sist oppdatert: 31.12.2016