Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Lise Christoffersen

Lise Christoffersen, statsvitar, tidlegare ordførar i Drammen og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Buskerud frå 2005.

Lise Christoffersen er fødd 5. august 1955 i Drammen. Ho gjekk vidaregåande skule ved Drammen gymnas i 1971–74, tok cand.mag.-graden i 1979 og hovudfag i statsvitskap ved Universitetet i Oslo i 1989, med ei hovudfagsoppgåve om dei folkevalde og administrasjonen sin innverknad på kommunalt budsjettarbeid.
Ho var vitskapleg assistent ved Universitetet i Oslo i 1982–83, forskingsassistent ved Fondet for markeds- og distribusjonsforskning i 1983–84 og konsulent og førstekonsulent i Sosialdepartementet i 1984–89. Christoffersen var forskingsassistent og forskar ved Institutt for sosialforskning i 1989–2005, ordførar i Drammen i 1995–2003 og seniorrådgivar ved Asplan Viak A/S i 2004–05.
Christoffersen var medlem av styret i Drammen AUF i 1976–82, leiar i 1982–83, og medlem i styret i Buskerud AUF. Ho var medlem i styret i Drammen Arbeidarparti 1980–95, bystyrerepresentant i 1979–83, sat i formannskapet i 1983–91, var varaordførar i 1991–95 og ordførar i 1995–2003. Ho var leiar av DNAs kommunalutval i 2003–05 og av programkomiteen i 2003 og er medlem av landsstyret i Arbeidarpartiet. Ho har vore stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Buskerud frå 2005 og er særleg oppteken av eit inkluderande samfunn og kampen mot fattigdom.
Christoffersen har skrive artiklar i fleire fagbøker og har laga INAS-rapporten Uførepensjonen på 80-tallet. Nasjonal vekst med lokale variasjoner (1995).
Ho har hatt ei lang rekkje verv, mellom anna som medlem av skulestyret i Drammen i 1980–83, forstandarskapet for Sparebanken Buskerud i 1980–87, representantskapet i A/S Finans i 1987–88, styret for avisa Fremtiden i 1991–99 og styret for Kommunenes Sentralforbund Buskerud i 1991–2003. Christoffersen var leiar av Drammen havnevesen i 1995–2003, kontaktutvalet for Veipakke Drammen i 1991–2003 og brukarutvalet ved Radiumhospitalet i 2002–05. Ho var medlem av styret i Vinmonopolet i 1996–2003, rådet for Vestregionen i 1995–2003 og medlem av styret for Strømsgodset toppfotball frå 2003. Ho fekk Bymiljøprisen i 2003 på vegner av Drammen kommune.
Kjelder
Lise Christoffersen, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=LIC [lesedato 8.3.2012]
Peikarar

Først publisert: 19.06.2012
Sist oppdatert: 13.05.2013