Minna Canth
Minna Canth (eigentleg Ulrika Wilhelmina), 1844–1897, var finsk prosa- og skodespelforfattar og kvinnesaksforkjempar.
Ho var svært viktig for kvinnesaka i Finland også på 1900-talet. Canth budde i småbyen Kuopio, men var godt orientert i dei aktuelle problemstillingane i tida. Ho korresponderte mellom anna med Bjørnson og Ibsen.
Canth har spela ei avgjerande rolle for utviklinga av finskspråkleg teater, mellom anna med skodespelet Arbeiderens hustru (1885), og kan seiast å vere det viktigaste namnet innanfor finsk realisme. Nokre representative verk for dei ulike fasane i forfattarskapen hennar er Ulykkesbarn (1888), Prestens familie (1891), Sylvi (1893) og Anna-Liisa (1895) og novellene «Hanna» og «Fattigfolk» (1886).
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Sist oppdatert: 06.12.2017