Hopp til innhold
X
Innhald

Nicolaus Cusanus

Nicolaus Cusanus, 1401–64, var ein tysk filosof, teolog og kardinal, fødd i Kues ved Trier. Som filosof representerte han overgangen mellom mellomalder og renessanse. Han hevda eit panteistisk syn der Gud er den uendelege, der alle motsetnader vert til ei eining. De docta ignorantia (1440).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 21.03.2012