Faktaboks

Olea Crøger

Olea Styhr Crøger

Uttale
crˈøger
Fødd
17. juli 1801, Heddal (no Notodden), Vestfold og Telemark
Død
21. november 1855, Christiania, gravlagd ved Seljord kyrkje
Verke
Folkeminnesamler
Familie

Foreldre: Sogneprest Johannes Crøger (1753–1830) og Helle Margrete Neumann (1764–1849).

Ugift.

Statue av Olea Crøger ved Heddal stavkirke. Crøger var en pioneer i innsamlingsarbeidet på 1800-tallet.
.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Olea Crøger var ein norsk folkeminnesamlar, songlærar og gardbrukar. Ho var ein av dei første som samla folkeviser og anna tradisjonsstoff ved det nasjonale gjennombrotet, men arbeidet hennar hamna i samtida i bakgrunnen for arbeidet til mannlege innsamlarar.

Bakgrunn

Crøger var fødd i Heddal i Telemark. Crøger fekk musikalsk opplæring i heimen. Ho underviste ei tid i song og musikklære på seminaret i Kviteseid, den første private lærarskulen i landet, etablert i 1819. Elles var ho huslærar hos sorenskrivar Florentz i Kviteseid og i prestegarden hos Magnus Brostrup Landstad. Crøger, som var ugift, vart seinare gardbrukar i Seljord.

Innsamling av norske folketonar

Innsamlingsarbeidet

Crøger var ein habil kvedar og informerte Ludvig Mathias Lindeman, komponist, musikkpedagog og organist, særleg kjend for pionerinnsatsen med innsamling av norske folketonar. Arbeidet resulterte i Norske Fjeld-Melodier (1841) og Ældre og nyere Fjeldmelodier utgitt heftevis frå 1853 til 1867.

At Crøger spela instrumenta gitar, langeleik og salmodikon, var viktig i innsamlingsarbeidet ho gjorde. Ho nytta ein spesiell siffernotasjon til nedteikning av meloditilfanget, og Lindeman inkluderte noko av arbeidet hennar.

I nasjonalromantikkens ånd

Det er uklart når Crøger starta innsamlingsarbeidet. Lindeman meinte det var alt i 1839, medan Landstad hevda at både han og Crøger byrja i 1840/41. Fleire tok til orde for å redde norsk folkekultur i denne tida då munnleg og annan tradisjon var i ferd med å gå i gløymeboka. Det var også i tråd med nasjonalromantikkens ånd, ofte kalla det det nasjonale gjennombrotet, der ein søkte tilbake til folkelege tradisjonar i jakta på å definere det norske. Sjølv om arbeidet med å bevare norsk folkekultur vart dominert av menn, var Crøger ikkje åleine kvinne. Eit døme er forfattaren Camilla Collett.

På 1840-talet vart Collett oppteken av folketradisjon. Ho og ektemannen Peter Jonas Collett samarbeidde ei tid med Peter Christen Asbjørnsen og Jørgen Moe. Moe skreiv om dette mellom anna i eit brev til Asbjørnsen datert 9. november 1842, der han samanliknar Colletts oppskrift av «Østenfor sol og vestenfor maane» med Crøgers ditto. Alt i 1840 hadde Jørgen Moe gitt ut Samling af Sange, Folkeviser og Stev i norske Almuedialekter med melodiar av Lindeman. I 1841 kom Asbjørnsen og Moes første eventyrsamling.

«Fjellmelodiane» vart til stor inspirasjon for Edvard Grieg og andre nasjonalromantiske komponistar, som Johan Svendsen. Det synest ikkje som om Grieg, som stadig nemner Lindeman i breva sine, kjende til Crøger i det heile. Ho døydde då Grieg var ung gut. Grieg var elles oppteken av musikkhistorie og ivrig etter å synleggjere kvinner si rolle i musikklivet, både komponistar og utøvarar.

Forsøk på utgivingar i samtida

Crøger hadde ambisjonar. Ho kontakta Jørgen Moe og seinare Peter T. Mallings forlag i 1842 med oppmoding om å gi ut folkevisesamlinga hennar, men dei synte i første omgang lita interesse. I 1843 kontakta Crøger sokneprest Thønnesen i Nissedal. Heller ikkje dette gav nemneverdige resultat.

Crøger vende seg då til Landstad, som var positiv til eit samarbeid. Samstundes var no Moe, Malling og Christian Unger ivrige etter å nytte Crøgers materiale, men det var Landstad som fekk inkludere mykje av arbeidet hennar i samlinga Norske Folkeviser 1853. Sjølv om han nemner Crøger i føreordet, vart dei fleste konkrete spor etter henne på det nærmaste snart sletta.

Crøger i ettertida

Fleire har i ettertid vore samde om at Crøger var pådrivar for innsamlingsarbeidet av balladar i norsk kontekst. Ein av dei første var dansken Andreas Peter Berggren på 1860-talet.

Rikard Berge og Hallvard Gunleikson Heggtveit gav ut arbeidet Olea Crøger i 1918. Då hadde Hulda Garborg heidra henne i artikkelen «Norske Folkedanse» fire år før. Garborg meinte at Crøger var ignorert med urette.

Mellom norske forskarar som har merka seg Crøger, er Moltke Moe, Ole Mørk Sandvik, Knut Liestøl, Olav Bø og Ådel Gjøstein Blom. Blom har hevda (1982) at då Moe gav ut samlinga av songar i 1840, var han ikkje medviten om norsk balladetradisjon. Etter Blom si meining kan Crøger ha vore første samlar i Telemark i det heile, og arbeidet må skrive seg frå 1839 eller tidlegare. Dessutan er det sannsynleg at Crøger er den som først gjorde Lindeman «merksam på den rike Telemarks-tradisjonen».

I Blom og Bø (1973) finst Crøger sine oppskrifter til kjempe- og trollvisene Torekall etter Anne Golid, Seljord, og Frånarormen og Islandsgalten etter Lavrans Groven, Seljord, ei oppskrift frå Nissedal av den naturmytiske visa Ravnen og Blakkjen med ukjend kvedar, og Åsmund Frægdegjæva med ukjend kvedar, Midt-Telemark.

Blom (1982) opplyser om nokre av Crøgers oppskrifter av legendeviser: Lita Kari og Olav lyg på stolt Margjit, båe med ukjend kvedar, og stoff til Draumkvedet frå kvedar Krestens(e) Eivindsdotter Trae, Åmotsdal. Dateringa er vanskeleg, men det dreier seg truleg om 1840-åra.

Ved Heddal kyrkje er det reist minnestøtte over Crøger utført av Anne Grimdalen i 1955. Tore Bjørn Skjølsvik laga i 1982 statue av Crøger ved Heddal prestegard. På grava hennar i Seljord pryda med eit vakkert relieff står det mellom anna: «Ho folkeminne samla inn og oss det gav.» Forfattaren Ingebjørg Mælandsmo har skrive ein romanserie med Olea Crøger som hovudperson, og forfattaren Gudrun Brauti Knutslid gav ut to halvdokumentariske romanar om Crøger.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Hulda Garborg: «Norske Folkedanse», i Fredrikke Mørck (red.): Norske Kvinder. En oversigt over deres stilling og livsvilkaar i hundredeaaret 1814–1914, bd.1. Kra. 1914
  • H.G. Heggtveit og Rikard Berge: Olea Crøger. Risør 1918
  • Anne Berit Klungsøyr: «’Ellers nævnes hendes navn sjelden Og det er uret.’ Om Olea Styhr Crøger (1801–1855). Anonym folkeminnesamler forut for sin tid», Samtiden nr. 1/1991 Seinare trykt i Årbok for norsk folkemusikk 1995
  • Gudrun Brauti Knutslid: Olea Crøger : Seljordminne om den fyrste folkevisesamlaren. Oslo 1982
  • M.B. Landstad: Norske folkeviser. Oslo 1968
  • Ola Kai Ledang: «Folkemusikk i Norge» i Kari Vogt ofl. (red.): Kvinnenes kulturhistorie fra 1800 til vår tid, bd. 2. Oslo 1985
  • Anita Midtbø: «Olea Crøger – eit namn vi ikkje bør gløyma», i Årbok for Telemark 1961
  • Astrid Nora Ressem: «Folkevisesamleren Olea Crøger» i Thedens, Hans-Hinrich, red.: Folkemusikkinnsamling. Oslo 2003, s. 44-64
  • Kari Vogt ofl. (red.): Kvinnenes kulturhistorie fra 1800 til vår tid, bd. 2. Oslo 1985
  • Sigurd Aa. Aarnes: «Præstedatteren Jomfru Olea Crøger» i Johnsen, Egil Børre & Trond Berg Eriksen, red.: Norsk litteraturhistorie: sakprosa fra 1750 til 1995, bind 1, 1998, s. 208-11

Faktaboks

Olea Crøger
Historisk befolkingsregister-ID
pd00000012791702

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg