Hopp til innhold
X
Innhald

Paul Celan

Paul Celan, ein av dei fremste poetane i tyskspråkleg, modernistisk litteratur.

Paul Celan (eigentleg Paul Antschel) var fødd 23. november 1920 i Tsjernivtsi i Romania (no Ukraina) og døydde for eiga hand 20. april 1970 i Paris. Han voks opp i ein tyskspråkleg jødisk familie. I 1938 reiste Celan til Tours for å studere medisin. Han fullførte eitt år av studiet, men etter å ha vore i Tsjernivtsi sommaren 1939 blei han nekta å returnere til Tours fordi han var jøde. Celan byrja då å studere romanistikk ved universitetet i Tsjernivtsi. I 1941 blei han internert i ein nazistisk arbeidsleir i Romania og sat der til 1944.
 
Dei første etterkrigsåra budde han i Bucuresti og arbeidde som omsetjar medan han skreiv eigne dikt. I 1947 budde han ei stund i Wien, men flytta til Paris i 1948, der han underviste i tysk språk og litteratur ved École Normale Supérieure, i tillegg til å skrive og omsetje. Celan kunne mange språk og omsette poesi frå rumensk, fransk, spansk, portugisisk, italiensk, russisk, hebraisk og engelsk.
 
(Artikkelen held fram under lydvideoen)
Paul Celan les «Todesfuge»
 
Han debuterte med samlinga Der Sand aus den Urnen i 1948 og følgde opp med Mohn und Gedächtnis i 1952. Både Sprachgitter (1959), Die Niemandsrose (1963) og Atemwende (1967) er sentrale bøker i forfattarskapen. Det same er Schneepart, som kom ut posthumt i 1971 og som i heilskap er omsett til norsk med tittelen Snøpart (2012). Den største samlinga Celan-dikt på norsk finn vi i utvalet Etterlatt frå 1996, som er gjendikta av Øyvind Berg.
 
Celan var påverka av både symbolismen, ekspresjonismen og surrealismen, men uttrykket hans er like fullt særeige, med si innovervende apokalyptiske stemning. Diktinga er djupt prega av den andre verdskrigen og Holocaust. Heile den nærmaste familien til Celan blei utrydda av nazistane, og han levde resten av livet i sorg og fortviling. Dikta hans problematiserer forholdet mellom språk og røyndom. Han hadde store vanskar med å halde fram og skrive det tyske språket som nazistane nytta, og dette speglar seg i uttrykksmåten: Det språket han nyttar, er eit øydelagt språk, eit språk der syntaksen er vanskeleggjord og uvanlege ordsamansetjingar florerer. I eit av dikta i Snøpart reflekterer Celan sjølv over det vanskelege, men nødvendige i å dikte om Holocaust: «Hva er dette for tider, / når en samtale / nærmest er en forbrytelse, / fordi den medfører / masseutsigelse?».
 
Olav H. Hauge har omsett fleire av Celan sine dikt til nynorsk, og særleg «Dødsfuge» og «Korona» er dikt som ruvar høgt blant den omsette verdslitteraturen i Noreg.
 
Celan fekk Bremens litteraturpris i 1958 og Georg Büchner-prisen i 1960.
 
Kjelder
Øyvind Berg: «Etterord» i Paul Celan: Etterlatt. Oslo 2005
Jon Haarberg, Tone Selboe og Hans Erik Aarset: Verdenslitteratur. Den vestlige tradisjonen. Oslo 2007
Emmanuel Levinas: Paul Celan. De l’être à l’autre. Paris 2002
 
Peikarar

Først publisert: 05.01.2015
Sist oppdatert: 05.01.2015