Pedro Carmona-Alvarez
Pedro Carmona-Alvarez, prislønt chilensk-norsk forfattar, musikar og gjendiktar som gjennom eit musikalsk og intenst lyrisk språk gir ei stemme til dei undertrykte i samfunnet.
Pedro Carmona-Alvarez er fødd 15. februar 1972 i La Serena i Chile. Han bur i Suldal. Som tiåring flykta han med familien frå Chile til Argentina og seinare til Noreg. Han har gått skrivekunstakademiet i Bergen (1994–95) og har gitt ut diktbøker, romanar og essay. Dessutan er han omsetjar og musikar. Frå 2003 til 2009 var han redaktør for Cappelen Damms debutantantologi Signaler.
Carmona-Alvarez debuterte som lyrikar i 1997 med diktsamlinga Helter og fekk allereie frå starten mykje merksemd frå kritikarar og publikum for diktbøkene sine. I 2015 gav han ut samlinga Sanger for kor.
Lyrikken til Carmona-Alvarez er særmerkt av eit musikalsk og intenst språk. Stemma i dikta opptrer gjerne på vegner av eit «vi», der han koplar saman det individuelle med ein universell bodskap. I eit kulturelt spenn mellom det latinamerikanske og det norske gir Carmona-Alvarez ei diktarstemme til dei undertrykte og dei sørgande.
I romanen Rust (2009) vekslar handlinga mellom to miljø, i Noreg og i Chile. Romanane Og været skiftet og det ble sommer og så videre (2012) og Bergen Ungdomsteater (2016) handlar om kjærleik, tap og sakn, og Carmona-Alvarez utforskar kven vi er, og kven vi trur vi er.
Carmona-Alvarez set om dikt frå spansk til norsk. Saman med Gunnar Wærness gav han i 2010 ut Verden finnes ikke på kartet, der poetar frå 25 land er representerte.
Carmona-Alvarez er også musikar. Han har spela i band som Moon Pedro & the New Farm Street Orchestra og Sister Sonny. Saman med Stein Torleif Bjella og Frode Grytten spelar Carmona-Alvarez i litterærmusikalske konstellasjonar der tekstane står i sentrum.
Han har fått ein rekkje prisar for forfattarskapen sin. I 2004 fekk han Cappelenprisen, i 2005 Sultprisen, i 2010 Diktartavla og kritikarprisen for beste omsetjing, og i 2012 P2-lyttarane sin romanpris.
Kjelder
«Pedro Carmona-Alvarez», forfattarside, kolonforlag.no: http://www.kolonforlag.no/authors/details/15 [lesedato 10.4.2017]
«Pedro Carmona-Alvarez», forfattarside, cappelendamm.no: https://www.cappelendamm.no/forfattere/Pedro%20Carmona-Alvarez-scid:356 [lesedato 10.4.2017}
Peikarar
Hilde Bjørnskau: «– Trodde ikke jeg skulle vinne», nrk.no
Sist oppdatert: 14.02.2020