Hopp til innhold
X
Innhald

Steven Chu

Steven Chu, fødd 1948, er amerikansk fysikar, Han blei tildelt nobelprisen i fysikk i 1997 saman med C. Cohen-Tannoudji og W.D. Phillips for utviklinga av metodar for å avkjøle og «fange» atom ved bruk av laserlys. I 1985 klarte Chu og medhjelparane hans ved hjelp av ein slik metode å avkjøle atom til temperaturar ned mot det absolutte nullpunktet (-273,15 °C).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011