Hopp til innhold
X
Innhald

Svein «Crico» Christiansen

Svein «Crico» Christiansen, fødd 1941, er jazzmusikar og trommeslagar. Han samarbeidde tidleg med Roy Hellvin, Karin Krog, Radiostorbandet (1971–90) og Radka Toneff.
 
Christiansen var slagverkar i Filharmonisk Selskaps orkester mellom 1971 og 1979 og i Kringkastingsorkesteret mellom 1980 og 2003. I seinare år har han mellom anna samarbeidd med Dag Arnesen og Svein Finnerud.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.10.2013
Sist oppdatert: 17.10.2013