Hopp til innhold
X
Innhald

Christen Søfrenson Wittrup

Christen Søfrenson Wittrup (1576–1636). Fut i Nordfjord 1596–1606, som slo seg til på Evebø, ein stor krongods-gard med store skogar og rike fiskerettar i Storelva.

Christen Søfrenson Wittrup fekk bygsle garden på livstid. Han dreiv saga ved Evebøfossen, som var bygd på 1500-talet. Storelva har frå gamalt av vorte nytta til tømmerfløyting.

Men C.S.W. hogg så mykje skog at han miste privilegiet for skogsdrifta. Futen fekk mange klager på måten han skjøtta embetet på, og han vart supendert. Han flytta til Bergen og vart utnemnd til rådmann i 1624. Seinare vart han teken i nåde og kom tilbake som fut. Wittrup fekk i 1622 løyve til å ta opp att sagdrifta i Evebøfossen, og eigde etterkvart 11 gardar i Gloppen og 3 andre stader i Nordfjord.

Enkja Anne Abelsdatter overlevde mannen med 36 år. Ho dreiv bøndene på gardane sine så hardt at ho fekk tilnamnet «Blodbytta». Ho brukte mange listige knep for å slå under seg mykje jord etter at fute-mannen hennar var død. Wittrup-familien slo seinare under seg fleire større jordeigedomar i Gloppen, m.a. Eide og Evebø.

Etterkomarane var både sorenskrivarar, lensmenn, og dreiv gjestgiveri.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.03.2008