Hopp til innhold
X
Innhald

Christen Torleivsson Nissestad

Christen Torleivsson Nissestad (1829-1915) frå Vik, busett i Arnafjord. Lærar og kyrkjesongar. Frå 1846 omgangsskulelærar i Vik, Arnafjord og Strendene.

Skipa 1864 den første misjonsforeninga i bygda, og var såleis svært tidleg ute med slik forening. Var medskipar av ei lærarforening for Vik, Balestrand og Leikanger. Denne foreninga var i verksemd fram til 1863.

— Ein gong han spurde elevane om kvifor Gud hadde skapt oss med øyre, fekk han som svar: «Da e vel for me ska sjao skaplegare ut!»

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.06.2011