Hopp til innhold
X
Innhald

Christian Bonning Uchermann

(1762–1844), busett i Innvik og på Oldeøyra. Første distriktslegen i Sogn og Fjordane.

Vart i 1788 tilsett som underkirurg i 2. Bergenhuusiske Regiment. Bataljonskirurg i 1789, og tok i 1795 kirurgeksamen. I 1802 vart han tilsett som den første distriktslegen i Sunnfjord og Nordfjord, og vart dermed den første distriktslegen i Sogn og Fjordane. Uchermann sat i embetet til 1834, med eit avbrot frå 1807 til 1811, då han arbeidde som militærlege på Austlandet.

Uchermann arbeidde mykje for vaksinasjon, og hadde lært seg urtemedisin som ung. Han budde i Innvik frå 1799 til 1844, og skulle derfrå tene i eit distrikt som den gongen strekte seg heilt nedover til Hyllestad og nordre Solund i ytre Sogn. Dei slitsame reisene, ikkje minst vinterstid, øydela helsa hans. Ein snøstorm på ein fjellovergang gjorde at han vart på det næraste blind.

Seinare vart distriktslegeembetet for Fjordane flytta til Førde. Frå 1840 vart Nordfjord eige distriktslege-område, med legen plassert på Nordfjordeid. I 1858 vart det på nytt delt, og då vart legen for Indre Nordfjord plassert på Faleide (sjå Bygdesenteret Faleide.)

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.03.2008